Publisert av:
9/5/2010 06:59
Barnehage i gymsalen ikkje aktuelt
Barnehagesaka var drøftingssak på møtet, men eit samla formannskap vart samde om å ikkje gå vidare med dette som ein alternativ plass for å byggja ny barnehage.
– Det vart peika på at når ein då ikkje kan gjennomføra vedtaket (å bygga på Langballejorda) så måtte saka tilbake til kommunestyret, kommenterer Ingrid Stue til Tysnesingen.
– Den vil komma opp som sak tidleg etter sommaren med ny utgreiing av tre alternativ – Reiso, Myklestad og ein ny tomt på Gjerstad – like ovanfor det området som tidlegare vart brukt som uteskule, seier ho.