Publisert av: May Britt Meland
8/12/2024 22:21
Nissemarsj i Uggdal
Laurdag 7. desember var det Nissemarsj med fakkeltog frå smia til dagsturhytta i Uggdal. Der vart det kos rundt bålet med pølse med brød og kakao. Det var 50 smånissar med foreldre som hadde funne vegen denne kvelden. Sjølv nissen vart overraska over at så mange kom, og måtte ta ein kjapp tur til Nordpolen etter fleire godteposar.
-Eit fantastisk oppmøte, og ein kjekk og koseleg kveld!