Stor aktivitet på Blå skule
27/10/2024 08:37
I haust har me hatt mykje fint vêr, supre elevar og som vanleg trivelege turar til Solstråleøya.
Me har fått svært mykje sild i år, og dette ser det ut som er god teinemat for hummar og krabber. Rekorden er 189 sild i eitt garn. Den rekorden trur me blir ståande ei stund.
Hønene våre har hatt ein fin sommar, men dei var gjerrige med å gje oss egg. Til slutt tok me ein samtale med dei og forklarte at om ikkje dette endra seg, var neste steg at dei vart til hønsefrikassé på skulekjøkkenet. Veka etterpå var hønsehuset fult av egg! Av og til lønner det seg med direkte språk.
Stekt makrell er veldig godt og dette har med lagd litt av på bålpanna vår. Kokt og ete krabbar har me og gjort.
I år vil me lage ein frukt og grønsaksavdeling i dalen aust for karpedammen. Dette arbeidet har me starta, så om nokre år er det kan hende mogleg å få seg eple og plommer på øya. Poteter og grønsaker til skulekjøkkenet neste år er eit ønske.
Blå skule har fått kaisal, og me har solgt krabbar og hummarar to gonger noko me synes er veldig kjekt!
I løpet av året kjem med i tillegg tilå selje fisk om me får.
Heimesida vår er nede, men i løpet av hausten kjem det ei ny side kor me kan formidle vår daglege aktivitet. Det gler med oss til!
Tekst og foto: Blå skule, Terje Sløgedal