Publisert av: May Britt Meland
25/9/2024 08:58
Vellukka familiedag
Mange små og store tok turen rundt Frøkedalsvatnet i det fine haustveret på søndag 22. september.
8 familiegrupper jobba seg gjennom post for post i naturstien rundt vatnet. Dei vaksne fekk bryna seg på spørsmåla medan dei minste talde baller som var hengt opp på postane. Vinnarlaget klarte 18 rette svar av totalt 19 mulige.
Linn og Ole Christian hadde kvelden før sett ut garn i vatnet, som dei tok opp om morgonen. Etter rundturen var det frisbeegolf, hesteskokasting, padling og grilling av nyfiska aure og diverse medbrakt.
.
.
.
Tekst og foto: Marit Nancy Allard Gjøvåg