Foto: Hans Ole Dalland

Idrettsmerke- prøvar 2017

Publisert av: May Britt Meland
15/2/2018 12:05

På ein fin sumardag i fjor, var det ein gjeng som hadde på dagsorden å ta idrettsmerke

 

Idrettsmerkeprøvar 2017

Asle Bernt Rekve har greidd krava til idrettsmerket imponerande 50 gonger.

Då Tysnes IL arrangerte idrettsmerkeprøvane i fjor haust, stod Asle Bernt Rekve (70) for ein strålande prestasjon. Då greidde han nemleg krava til idrettsmerket for 50. gong. Ingen andre på Tysnes har prestert det tidlegare. Dermed får han Norges idrettsforbund sitt 50-årsmerke med diplom. I idrettsmerkesamlinga si har han elles alle dei andre utmerkingane, m. a. statuett, krus og Heidersprisen.

-Eg har alltid hatt interesse for idrett. Eg voks opp i eit aktivt, godt og inspirerande idrettsmiljø på Voss. I Bulken IL hadde eg gode barne- og ungdomsår. Særleg var skitilbodet rikt. Det var i dette idrettslaget eg tok idrettsmerket for fyrste gong i 17-årsalderen, fortalde Rekve til «presssa» då han hadde gjort unna prøvane i haust.

Foto: Hans Ole Dalland

Tor Ottersen held seg i god fysisk form og er ivrig idrettsmerketakar.

To andre i merketakargruppa fortener òg litt merksemd. Det gjeld Stein Aanesen som no har greidde krava 48 gonger. Den andre er Tor Ottersen, som snart rundar 85 år. Imponerande av den tidlegare ordføraren, som framleis er lett på foten og elles har nok spenst og styrke til å greia krava med glans.


Foto: Hans Ole Dalland

Eva Kalgraf og Arvid Økland er spreke lærarar.

På framsidebilete illustrerar Eva og Arvid korleis dei kastar kulestøt.

Det var sol då desse fire tok idrettsmerket i fjor haust! Frå venstre: Ruth Johanne Dalland, Audun Magnussen, Anne Merete B. Dalland og Stein Aanesen.


Foto: Hans Ole Dalland

Merketakarane i 2017 (tala i parentes viser kor mange gonger den enkelte har teke idrettsmerket):

Asle Bernt Rekve (50)

Stein Aanesen (48)

Tor Ottersen (33)

Arvid Gaugstad (33)

Hans Ole Dalland (32)

Anne Merete Blichfeldt Dalland (32)

Arvid Økland (31)

Eva Kalgraf (31)

Lars Petter Epland (26)

Ruth Johanne Dalland (2)

Audun Magnussen (1, debutant)