Foto; Privat

Fem om juleførebuingar

Publisert av: Vegard Aslaksen
17/12/2018 21:41

Denne veka publiserer me ein artikkelserie der me har me intervjua fem Tysnesingar om juleførebuingar. Spørsmåla me har stilt er dei same men her vil ein kunna lesa mange forskjellige svar.  Førjulstida er for mange eit slags jag for å bli ferdig med alt til julekvelden. Men det er også eit tid for tradisjonar, tilbakeblikk og det å sjå framover mot neste år. “Fem om juleførebuingar” handler nettopp om dette.  Fyrste mann ut er forfattar og lokalhistorikar Knut Rage.

Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

Ein slags juletradisjon for meg er å skriva artiklar o.a. til diverse julehefter, og sjølvsagt til bladet Tysnes sitt julenummer. I tillegg driftar eg Facebook-gruppa «Tysnes før i tio», som med meir enn 4000 medlemmar har ganske mykje trafikk i jula. Her skal eg passa på å laga litt ekstra julestemning. Elles har eg ingen faste juletradisjonar, det blir familiebesøk og slikt.

Korleis ser menyen for julafta ut heime hos deg?

Det varierer veldig. Frå oppveksten i Stavanger er eg van med svinesteik med surkål. Med vegetarianarar i familien blir menyen gjerne tilpassa dei. Men i år trur eg det blir pinnakjøt.

Kva vil du best minnast for året som har gått?

At eg budde i vikingbyen i Gudvangen denne sommaren saman med kona mi Britt som er frikvinne der, med «Vikingar» frå England, Tyskland, Polen, USA (!) og sjølvsagt Noreg, og tusenvis av turistar. Utruleg kjekt.

Kva ynskjer har du for året som kjem?

Nyttårsforsett har eg forlengst slutta med. God helse er det viktigaste, og at eg får behalda arbeidskapasiteten til mine mange forskjellige gjøremål.