Publisert av: May Britt Meland
29/8/2024 18:39
Flott tur i Nesemarkjo
I dag, 29.august gjekk Torsdagsturen, med rekordhøgt (så langt) tal menn og kvinner, ein nydeleg tur i Nesemarkjo.
Me var heldige som fekk gå medan det var opplett, sol og 20 grader. (Ja, du les rett; OPPLETT og SOL!)
Ein tur i idylliske Nesemarkjo kan varmt anbefalast.
Ta gjerne turen allereie førstkomande søndag på den nasjonale «Kom deg ut»-dagen.
Tekst og foto: Tysnes Frivilligsentral