6-års samling og “skulesekk gudsteneste”

Publisert av: May Britt Meland
28/8/2024 21:41

Alle dei som går i 1. klasse er velkomne til å melda seg på til 6-års samling onsdag 11. september.
Me skal vera både i Kyrkjeståvo (tidl. Tysnes bedehus) og Tysnes kyrkje.

Temaet for samlinga vil vera vennskap, og det vert song, leik og ei spanande forteljing frå 6-års boka.

Det vert også tid til ein tur i kyrkja og treffa Marit prest.

Og sjølvsagt skal me eta hotdog og frukt!
Om nokon har allergiar eller andre utfordringar som me må ta omsyn til, må me ha beskjed om det på førehand.

Det byrjar ca. kl. 12.30 og varer til kl. 16.00.

 

Alle er også inviterte til “skulesekk gudsteneste” søndag 15.09.24 i Tysnes kyrkje kl.11.00.

Då får dei utdelt 6-års boka si “Tre i eit tre”.
Me oppmodar alle 6-åringane til å ta med dei fine skulesekkane sine i kyrkja

 

Påmelding innan fredag 06.09.24 til Kyrkjekontoret på mobil 48 12 33 10.