Publisert av:
22/3/2010 20:06
Frå fjøs til kontor
Då Inge Malkenes gav seg med kyr og driftsbygningen stod tom, ville han gjera noko med det.
– Eg nemnde det for Synnøve Hodneland at eg hadde lyst å få brukt bygningen til noko, og då kom ho med forslaget om å laga kontorlandskap for bedrifta Fomas, seier Inge Malkenes til Tysnesingen.
Som sagt, så gjort – og i neste månad vil det vera klart med fem kontorplassar som alle er utleigd. – Det vil bli ope kontorlandskap, og eg har lagt inn breiband, kjøken og bad. Dei skal også få garasjeplass utanfor kontoret sitt, fortel han.
1.mai skal Fomas vera i drift i det nye kontoret sitt på Malkenes.
(Alle bilete privat)