Dobbel siger til Lea
15/3/2024 20:42
Etter å ha trent i berre 1 år, kan Lea Rehling Qvistgaard vise til imponerande resultat i sporten Brasiliansk Jui-Jitsu. Tre gongar i veka (minst) reiser Lea til Bergen Grappling eller Oxy Stord for å trene. Ho fortel at ho likar å konkurrere. -Eg vil lære mest mogleg, og tek kvar utfordring på strak arm. Dette året har ho delteke i 9 konkurransar, og fått mange sigrar.
3. mars deltok Lea på NAGA (North American Grappling Association) Grappling Championship i Brussel. Der representerte ho den Bergenske klubben Bergen Grappling BJJ GLOBETROTTERS.
Lea stilte i to klassar “åpen vektklasse for nybegynnere, over 18 år” og “viderekommer 60-64.9 kg, 30+”, og tok sigeren i begge klassane!
Før sommaren skal ho delta i 4 konkurransar, ei av dei er EM Master (altså for 30+) i Barcelona.
Vi ynskjer Lea lukke til!!
Foto: Privat