Tysnes Sparebank Foto: Tysnesingen.no

Pressemelding Tysnes Sparebank resultat 1. kv 2023

Publisert av: May Britt Meland
19/5/2023 08:00

God bankdrift i Tysnes Sparebank

Resultat før tap og skatt på 9,3 MNOK

Første kvartal 2023 hadde Tysnes Sparebank eit resultat før tap på 9,3 MNOK, dette er 2,2 MNOK betre enn same tid i 2022. Det er god vekst i banken. Dei siste 12 månadene har banken vokse med om lag 8 % i nye utlån. Det er vekst i både i person- og bedriftskundemarkedet.

Auka tapsavsetjingar

Banken auka tapsavsetjingane til om lag 3 MNOK for å ta høgde for dei utfordrane tidene norsk økonomi er inne i.

«Vi ser ein auke i misleghaldne lån, særleg mange verksemder slit med likviditeten. Det er ei utfordring for oss i tida som kjem, det er viktig for oss å vera tett på kundane og finna løysingar saman på eventuelle vanskar som oppstår» uttaler banksjef Dag Sandstå.

Banken planlegg nytt salssenter for forsikring i Bergen

Banken har vedteke å etablera eit forsikringssenter i Bergen for å auka salskapasiteten på banken sine forsirkringsprodukt. Dette er ei nysatsing for banken. I første omgang skal det tilsetjast 3 medarbeidarar i dette teamet.

«Vi gjer dette for å styrke banken samla sett og ikkje minst auke salskapasiteten med produkt som ikkje er kapitalkrevjande. Vi har stor tru på denne satsinga, og ser for oss ein god vekst i banken innan forsikrings-produkt».