Månadens gjenstand

Publisert av:
3/2/2010 14:38

Månadens gjenstand i Tysnes folkebibliotek denne gongen er eit dystert minne: såkalla tavlebøsser, eller fattigbøsser, om ein vil. Tavlepengar var eldre tiders fattighjelp.

I alle kyrkjene var det ei eller anna form for tavlepengar. Det kunne vera ei tavleblokk – ei stolpeliknande treblokk med bøsse i, eller ei stong med pose. Både bekkenet og stonga hadde ei bjølle. Når så klokkaren eller ein medhjelpar sende rundt bekkenet i kyrkjebenkene eller rekte inn stonga med posen, så visste dei alltid i kyrkjestolane kva det høvde seg å leggja oppi. Klokkene var nok for å vekkja dei som hadde duppa av under den ofte svært lange preika. Så var det fast skikk at nattverdsgjestene og dåpsfadrane ytte noko ekstra som tavlepengar.

Onarheim var først ute med avskaffing av tavlene om lag 1875. Det vart då festa bøsser nedst ved inngangen. Det er to av desse bøssene som er utstilt på biblioteket. Dei følgde med frå den gamle steinkyrkja då den nye vart teken i bruk i 1893.

Bøssene er lånt frå Onarheim kyrkje. Dei vert med tida ein del av ei permanent utstilling av gammalt inventar frå den gamle og den nye kyrkja der.

Denne månaden kan du sjå bøssene og lesa meir om ordninga med tavlepengar på utstillinga som no står i Tysnes folkebibliotek. Serien med “Månadens gjenstand” er eit samarbeid mellom Tysnes folkebibliotek og Olav Skjellevik og Harald Dalland.