Bilete av teksten. Foto: Eric Bakke

Londalagsfesten 1977

Publisert av: Vegard Aslaksen
6/10/2019 17:57

Tysnesing, Eric Bakke, har sendt oss bilete av nokre papir han har funne i  ei bok han har arva frå bestefaren sin Gunnar Ingebrigtsen. Han lurer på om det kan vera Harald Myklebust som har skrive dette som er ein tekst i forbindelse med 25 års jubileumet til Lundalaget i 1977. Dette kan vera kjekk lesning for mange med gode skildringar frå 50 talet og utover. Me i Tysnesingen har i allefall gjengitt teksten under. Takk for fin innsending og god lesning:)

Til Londalagsfesten 26/11 – 1977

Gode festlyd. Me er samla til ein hyggjekveld og 25 års jubileum for Lundalaget, og eg har fått i oppdrag å fortelja litt frå bygda vår og laget desse 25 åra.

Noko av det eg kjem til å nemna er vel kanskje litt eldre, og mangt og mykje har nok skjedd, som eg ikkje har med. Eg har ikkje granska noko offentlege dokument, så er det noko som ikkje stemmer heilt, så får de tilgjeva meg for det.

Kva skjedde så i 1952 og korleis var bygda vår då? Jau, Lorentz i Hauen kom til verda ein dag i februar og Lundalaget vart skipa 24. november. Det var truleg det viktigaste.
Skulda for det første har Kåre i Hauen og for det andre Alfred Hope.
Altså var Hope lærar her då.

Andre lag som gjorde seg bemerka på den tid var skyttarlaget, Heimevernet som hadde ein god gjeng i bygda, ungdomslaget og idrettslaget. Husmorlaget var og eit stort lag.

Rutebåten hadde me til Lunde 4 kveldar i veka med varer og post. I tillegg båt på søndagskveldane. Det var då samla mykje folk, kø langt opp gjennom vegen.

Me hadde 2 butikkar på Lunde og 1 på Malkenes. Butikkane hadde god standard med langbenker, og når dei var fulle kunne ein setja seg på solide brødkassar frå Martens. Osvald Sævareid var styrar på foreningen. Han var ein av dei som var med å stifta laget, og der var mange diskusjonar på langbenken. Men skulle det vera hyggjekveld, burde ein gå på andre sida. Ja, tenk om me hadde hatt nokre stubbar og viser av Hans Elvastølen. Det hadde helde til mange festprogram.

Lunde Båtbyggeri var i drift med om lag 15 mann i arbeid. Der var elektrisk ljos. Der blei bygd linje til Bedehuset og Hauen. Vidare utover til Vassneset og seinare innover til Gripne. Til huset her vart og bygd linje. Ljos fekk me halv åtte om morgonene og hadde det til halv elleve om kvelden. Båtbyggeriet hadde nok mykje å sei for bygda. Diverre vart det mindre med arbeid etter kvart. Ein oppsving var i 1957 med bygging av Vikingskip. I 1959 vart det heilt slutt med båtbygging. Det var då bygd 132 båtar ved Lunde.

Elles var det stor stas i 1950 åra med elektrisk kraft frå Bergenshalvøya sitt kraftselskap. Ja, tenk at kvar husholdning fekk heile 300 watt på vippe.

Me hadde ein drosjebil, 2 lastebilar og ein privatbil var og komen til bygds. Til gleda for sjåførane var det plassert 14 grindar over vegen mellom Malkenes og Humlevik. Tormod sette opp ny forretning i 1954 og Kristoffer kom med bulldoser i 1957.

I Humlevik kom og opp forretning som var i gang nokre år. Me hadde songlag i bygda, og tre julefestar; Barnefest, vaksenfest og songlaget sin juletrefest ut i januar. På alle festar var bortimot fullt hus. Sidan det nærmar seg jul kan det vel høva seg å nemna julafesten. Dei siste åra er det musikklaget som har ste for den. Det laget er me så van med at me reknar ikkje så mykje på det, men tenk om det ikkje hadde vore. Kanskje me skulle belønna dei med fullt hus på julafesten i år, eg går ut frå at dei vil laga fest i år og.

Eg vil ta meg litt tilbake i tida igjen.

I 1957 begynte arbeidet på vegen til Sunda. Den vart ferdig i 1962. I 1960 slutta Hans Elvastølen med butikken. Me fekk rutebilar og etter kvart vart det heilt slutt med båt i Lunde. Hope flytta til Våge og det vart slutt på songlaget.

Etterkrigstida var prega av noko som vart kalla «Flukta frå landsbygda». Det fekk nok me merka i Lundabygdo og.

Karl og Johan kom til bygda i 1958. Det var i ei tid då det var vanskeleg å få lærarar, og det var ei gleda for oss at dei busette seg her.

Sjøl om det vart veg til Sunda vart skulen nedlagt. Mindre skule vart det i Lunde og ein del år såg det ikkje sprekt ut for bygda vår.

Lundalaget har ei referatbok som har vore ført i desse 25 åra og eg vil nemna litt frå denne. Det går fram at alle medlemmer har hatt diskusjonsinnlegg. Eg har teke med nokon her:

Alfred Hope: Kva er kristendom.

Lars Henrik Lunde: Tysnesflåten.

Ole Opdal: Helsing og bruk av helsing før og no.

Martin Henriksen: Produksjon av ferdige hus og hytter.

Olav Lunde: Norskamerikanarane sitt syn på Norge.
Kristoffer Lunde: Bru over Lukksund. Det var i 1955. Referatboka fortel og om synfaring av veg til Sunda og tur til Ølve – Hatlestrand for å søkja kontakt å arbeida for brusaka.

I 1956 snakka me om vegljos. Det vart sett opp 4 ljos 22. desember 1956.

I 1967 hadde me Peder Kathenes, Jørgen Flatøy og Magne Malkenes med oss i laget. Det var då snakka om Nordlandsfarten. Dette vart teke opp på lydband. Hans Henriksen har og vore med oss på møte og fortalt frå utfarten til Amerika 1909 – 1910 og om krigen i Frankrike 1916 – 1918 som han var med i.

I 1973 diskuterte me Osloturen til Tormod, då han henta heim ein million til vegen Lunde-Våge.
Kåre har snakka om lokaltakst for telefonen i Tysnes. Det var vårt lag som søkte om å få det. Noko som alle veit me fekk.

Me har og arbeidd for å få bustadfelt i Lunde.

At val, 17 maifest og slike ting har interessert oss er vel kjent. Me som går i laget har ulikt politisk syn, me har og ulike syn på korleis ymse bygdesaker bør løysast. Det viktigaste er likevel at me alle står samla for å gjera det beste for bygda vår. Eg nemnde tidlegare at det var nedgongstider i bygda vår. Dei siste par åra har det snudd om. Eg trur me er på veg oppover igjen.

Når me ser tilbake på desse 25 åra har det skjedd store forandringar. Eg set likevel igjen med inntrykk av at det har vore godt samarbeid i desse åra. Det vil eg vona at det og vert i dei neste 25 år.