Arkivfoto frå 17. mai i Våge 2021

Er du klar til 17. mai feiring?

Publisert av: May Britt Meland
16/5/2023 13:39

I morgon er det feiring av Noregs Nasjonaldag og markering av at me fekk vår eigen grunnlov for 209 år sidan. Det er duka til fest i alle bygder.

Sjølv om metereologane har vore usikre på korleis været blir på nasjonaldagen, ser det slik ut på pent.no i dag:

I bygdene rundt på Tysnes vert det: tog, talar, leik og moro, og sjølvsagt: pølser, is og kaker!
Alt som høyrer 17. mai til!

Her er litt av det innhaldsrike programmet rundt i bygdene:

Våge
Folketog til Tysneshallen kl 10.00
Kransenedlegging ved Tysnes kyrkje kl 10.20
Program, tale og premieutdeling i hallen kl 11.00
Leikar på skuleplassen kl 12.00

Lundegrend
Her blir det tog frå minnestøtta til Vassbakken med fest i Frilund.
-Og vil du svinga deg, har du høve til det frå kl 21, då spelar “Mammas Engler” opp til dans.

Onarheim
Her blir det folketog frå Rothaugen til kyrkja kl 11.30.
Marit Espedalen held gudsteneste kl 12.00.
På skulen vert det leikar og konkurransar frå kl 13.30.

Reksteren
Etter kransenedlegging ved minnestøtta kl 13.30 vert det tog til Idretts- og Kulturhuset der dei som har meldt seg på kan få ein 3-rettars middag.

Flatråker
Samling i bygdastovo med leikar, konkurransar og salg mat frå kl 14.00.

Uggdal
Etter kransenedlegginga ved minnestøtta kl 14.30 går det tog via Omsorgssenteret til Grendatun der det vert leika og mat.

Jensvoll bedehus
17. maifest med talar, song og biletframvisning, etterfulgt av kaker og kaffi.

Tysnesingen.no ynskjer alle ein riktig god 17. mai!

Send oss gjerne 17. mai bilete frå feiring di på post@tysnesingen.no.