Slektsforskning på data
6/1/2010 11:26
Er du interessert i slektsforsking og har halde på med det ei stund – eller er det noko du kunne tenkja deg å ta fatt på?
Mange tok del på det første kurset vårt – og no prøver me oss igjen. Det er kome ein del påmeldingar, både frå folk som var med sist og nokre nye – og at det er fleire som var med sist som no kjem på nytt tek me som eit godt teikn!
Om du er nybyrjar eller erfaren, ung eller pensjonist, spelar inga rolle! Alt du treng er ein berbar pc med Windows, så ordnar me med resten.
Kurset vil passa både for dei som var med sist – og som gjerne vil ha ein repetisjon og møta att deltakargjengen frå førre gongen – og for nye deltakarar.
Kursleiar vert som sist Erling Utne, som har lang røynsle med slektsforsking og i bruken av dataprogrammet Legacy, som vil bli delt ut gratis i fri versjon til alle deltakarar. Legacy er fullt kompatibelt med anna programvare dersom du brukar eit anna program frå før av, så det er ikkje noko probem.
I løpet av 3 kurskveldar vil deltakarane få demonstrert korleis ein kan nytta programvara som eit verktøy i slektsforskinga, og korleis ein går fram med å henta dei opplysningane ein har bruk for. Deltakarane vil også få ei orientering om kva som finst på internett av ressursar. I tillegg arbeider me med å få inn ein gjesteførelesar, og me planlegg også ein ekskursjon til Statsarkivet i Bergen ein laurdag føremiddag.
Om du trur at dette kan vera noko for deg, og gjerne vil setja av nokre kveldar utetter vinteren, ta kontakt med Tysnes folkebibliotek på epost tysbib@online.no eller på telefon 988 19 153. Me er avhengige av eit visst antal deltakarar og vil gjerne også høyra kva tidspunkt som passar best for dei fleste. Me ser helst at deltakarane disponerer eigne berbare pc’ar som dei kan ha med (Windows). Det er fint om du kan oppgje ein kveld/dei kveldane i veka som passar best for deg. Kursavgift vert kr. 300. Det inkluderer installasjon og instruering i bruk av Legacy.