Skrekk og gru
3/1/2010 22:37
Det er no over 2 mnd sidan me hadde kamp sist, heima mot Fana. Der me hadde ein fantastisk kamp, men tapte uheldigvis med 2 mål. Så etter 2 mnd trening og venting, hadde ein trudd at det skulle gå ganske så knirkefritt i dag, men den gang ei!! Me var på besøk hos Knarvik, eit lag me kjenner godt, og som bør tas!
Trur me presterte det verste av det verste i dag. ALDRI har vel jentene hatt ein så dårleg omg før. Etter 7min stod det 0-1 til oss. Etter 18min stod det 4-1 til Knarvik! Til pause leda Knarvik 8-4!!! Skrekk og gru for ein omg…….. Forsvaret var fantastisk. Me parkerte storskyttaren, og plukka dei ganske enkelt ”ned”, men kva hjalp det når ingenting fungerte i angrep. Me stod i ro, jobba ein og ein, bomma både på skudd og kontringar, og misser på 7-meteren. Absolutt ingen ting stemte!
Det kunne berre gå ein vei i 2.omg, og heldigvis fekk me til spelet vårt. Sakte men sikkert henta me inn leiinga deiras, og overtok kampen totalt. Forsvaret var like solid i 2.omg, og me fekk no til både kontringane og avslutningane. Puh…….det var jammen endo godt. For det var skikkeleg flaut det me presterte i 1.omg. Den set me ein stor strek over
Me vann fortjent 17-12, og to nye viktige poeng er innkassert!!!
Til helga er det ny kamp igjen, borte mot Sotra, og rekner då med at me gjer oss ferdig med oppvarminga på treninga om fredagen
Laget var: Celine, Silje(2), Ingvild(3), Marion(3), Hege(2), Linda(2), Ida(1),Agnethe, Ingse(3), Victoria(1), Sara Elisabeth, Janne og Hilde Anette