Publisert av:
30/12/2009 10:01
Julafest
Det var tradisjonell julafest i eit nesten fullt Lunde bedehus i går.
Lorentz Lunde styrde festen, medan Reidun Skartveit heldt andakt. Det var song frå skuleborna og blokkfløytespel av Richard Wathne.
På julafest høyrer det sjølvsagt med å gå rundt julatreet, og jaggu møtte nissen opp og delte ut noko godt til alle ungane.