Og vinnaren av Påskequizen blei..

Publisert av: Vegard Aslaksen
31/3/2018 10:10

Til saman 45 personar har sendt inn rett svar på Påskequizen og vart med i trekninga om hovedpremien. Alle som har sendt inn rett svar vinn ein flott tysnesingen.no kaffikopp.

Løysningsordet me skulle fram til var Arnold Schwarzenegger. Svar på alle spørsmål finn du nederst i artikkelen.

Så var det trekninga av hovudpremien då. For å gjera trekninga litt spanande og forhåpentligvis mest mogleg truverdig har me filma det heile. Dog på eit litt utradisjonelt vis. Denne trekninga er og meint som ein liten hyllest til personen me skulle fram til i løysningsordet og filmane han kanskje er mest kjent for – Terminator. Sjå vår eigen uhøgtidlege påskekrim i video under for å finna ut kven som stakk av med sigeren.

Link til videoen på youtube
På Langfredag kunne me lesa i VG at Arnold Schwarzenegger vart hjerteoperert i all hast men tilstanden er stabil og han er ved godt mot.

Årets påskequiz er laga av Dagfinn Sandvik. Stor takk til han for flott kreativt arbeid.

Her kjem fasiten med utfylt kryssord,