A1 til Tysnesfest

Publisert av:
23/12/2009 09:11

Det er Sigvard Madsen som stadfester til Tysnesingen at A1 er booka til Tysnesfest neste sommar.

Han fortel at A1 skal opptre laurdagskvelden saman med DDE og to andre band.

A1 jobbar i desse dagar med eit nytt album, og låtar frå dette vil ein nok få høyra på skuleplassen på Gjerstad i juli. A1 slo på slutten av 90-talet gjennom med mellom anna sin versjon av A-ha sin store låt “Take on me”.