Sankthansfeiring i Lunde

Publisert av: Hilde Marie Sæverud-Mehammer
24/6/2018 14:43

Det var godt med folk samla til sakthansfeiring i Apalvikjo i Lunde.
Grillane var varme frå kl. 18 og bålet vart tent kl. 19. Ungane leika seg i strandkanten med vassing og krabbejakt, medan andre tok seg eit kveldsbad.

 

 

 

 

Elias-båten var på plass, og dei som ville fekk seg ein tur på Humlevika. Tobias Dalen Hagen og Jonas Hagen Lunde var byta på å vera matros og kaptein om bord.

Tekst og foto: Torstein Fjeldet Lunde