Ikkje revaksinering

Publisert av:
17/12/2009 14:49

Folkehelseinstituttet og Statens legemiddelverk har gått gjennom dei data som ligg føre om effekt og biverknader av pandemivaksinen Pandemrix. Konklusjonen er at éin vaksinedose ser ut til å gje tilstrekkeleg vern for dei aller fleste barn og vaksne. Personar med nedsett immunforsvar tilrår ein framleis å ta to dosar, med minimum tre vekers mellomrom.

Tidlegare tilråding har vore å gje to dosar Pandemrix til barn under 10 år. Det ser no ut til at éin dose er tilstrekkeleg. I tillegg viser data at dose nummer to gjer noko meir feber og lokalreaksjon hjå små barn. Difor vert tilrådinga endra til å vera éin vaksinedose for alle unntatt immunsupprimerte (= personar med nedsett immunforsvar).

Styremaktene føl fortløpande med på resultat frå kliniske studiar, og eventuelle oppdateringar i tilrådingar skjer på grunnlag av desse. Hvis det på eit seinare tidspunkt skulle visa seg å vera naudsynt med ein vaksinedose til, vil styremaktene gå ut med ny informasjon om dette.