Valen Frokost-TV

Publisert av:
28/9/2009 20:47

Ja, slik lydde det under ein av parodiane Kristian Valen hadde under sitt Valen Frokost-TV show som gjekk på TV Norge i kveld.

Valen parodierte ei dansbændgruppe som gjorde låtar frå mellom anna Bon Jovi og AC/DC om til swingmusikk – til skrekk og forferding for dei som likar musikken til originalgruppene.

Det var siste kommentaren på sketsjen at “Og Swingkameratene volum 2 begynner turnéen sin på Tysnes!” kom. Kor han har fått den idéen om å nevna Tysnes er ikkje godt å veta. Men som ein seier… all reklame, er god reklame! Me tar med det frå Tysnes som me kan!