Effektiv strandrydding
19/9/2021 20:19
I dag var det stor-rydding av strender på Ånuglo. Initiativtakar Rebekka Høgestøl hadde samla godt med lokale dugnadsfolk. I tillegg stilte Bergen og Omland Friluftsråd med Sjærgårdstjenesten og båten Boffen.
Norges Miljøvernforbund med leiar Ruben Mjelde Oddekalv og organisatorisk nestleiar Henrik Rutledal deltok også.
Leiaren i Miljøvernforbundet gir i dag ros for arbeidet som vart utført på si Instagramside.
Ruben Mjelde Oddekalv saman med Rebekka Høestøl på dagens strandrydding.
Rebekka fortel av det i dag vart rydda på sørenden, 3 små strender /viker, på Ånuglo. Resultatet av ryddinga er både imopnerande og skremmande med 10 kubikk søppel!!
Dagen vart avslutta med ein god, og velfortjent middag på Laukhammar Fritid!
Godt jobba!!
‘
Foto: Rebekka Høgestøl/ Tysnes Turlag