Ei stølsbu blir til

Publisert av:
23/8/2009 20:35

Stølsutviklar Tore Økland fortel til Tysnesingen at gravinga til stølsbua på Gjerstadstølen starta for eit år sidan. Men støypinga starta for berre to veker sidan.

– Alt grunnarbeidet er gjort med handamakt, medan sand og sement er frakta opp med helikopter, opplyser Økland.

Det har for øvrig ikkje vore bygd nye sel på Gjerstadstølen på over 50 år.

– Fylkesmannen ville i fyrste omgong ikkje ha noko ny stølsbu der, då området var definert som snaufjell og det stod ingen murar der frå før. Men utpå hausten vert det ny stølsbu, seier Økland.

Alle bilete: Tore Økland