Utvidar kyrkjegard
11/8/2009 06:58
Kapasiteten på gravplassen ved Tysnes kyrkje er sprengd. No er gravemaskin på plass og arbeidet omsider kome i gong med å utvida og for å tilretteleggja ein større kyrkjegard.
Planen er at ein skal gjera grovarbeidet no i haust, og at den skal vera klar til bruk neste sommar.
Det er lenge sidan kommunen ynskte utvidinga. Det tok litt tid før kommunen vart samd med grunneigar. Dernest kom fylkesmannen inn i bilete og utsette prosjektet, då det kunne liggja noko av interesse frå gamal tid på plassen utvidinga skal skje.
Den eldste delen av kyrkjegarden ved Tysnes kyrkje vart teken i bruk fyrste gong i 1949. I 1993 vart det også gjort utvidingar på oppsida av kyrkja. Det var under siste krigen det vart teke opp arbeid for å få kyrkjegarden i Tysnesbygda lagt til kyrkja på Gjerstad.