Publisert av: Martha Nygård Lande
2/2/2020 15:08
Mange på “Kom deg ut dagen”
Det var nysnø i Solheimsdalen, men sola kikka fram innimellom, så det var eit flott ver å koma seg ut i.
Mange hadde tatt turen inn til varmestova til kl 12.00, men det kom og gjekk folk heile tida. Ein kunne delta på natursti som var laga til i lysløypa som går rundt varmestova, og etterpå kunne ein få varm drikke og suppe.
Arrangementet var det Tysnes Turlag som stod for, og dei hadde laga spørsmål til natursti, og dei stilte med bålpanner.
Ei lita snøbyge kom det og, utan at det gjorde noko. Det såg ut for at borna kosa seg med det vesle som var av snø.