Publisert av: Martha Nygård Lande
28/1/2020 12:07
Plast frå Kolavika nytta i forskning om bakteriar som et plast
Dei to siste åra, har forskarar ved Norce Energi i Bergen forsøkt å finna ut kva plastsøppelet gjer med naturen. I dette arbeidet har dei undersøkt prøvar, som blant anna er henta i frå Kolavika på Tysnes. Kolavika og Lisle Lyngøyna i Øygarden er skrekkeksempel på plastforureining.
I løpet av eit år, kan det samle seg opp mot 1000 kilo plast i enkelte av vikane langs kysten, og mykje av dette vil med tida ende opp under bakken.
I forskingsarbeidet har dei funne sopp og bakterier som eter ulike typar plast. No arbeider dei med å finne ut kva plasttypar bakteriane og soppen kan ete, og kor fort dei kan ete.
–
Du kan lese meir om dette på NRK Hordaland si nettside.
Saka er henta frå NRK.no