Skogdag på Flatråker 26.04.09

Publisert av:
30/4/2009 08:25

Der møtte det opp frå dei minste i barnevogn, til godt vaksne. Dei hadde turløype med postar og jordnere spørsmål som ein skulle svara på.

Felling av trær vart demonstrert, med mange gode tips.

Ein liten gjennomgang av filing av motorsag vart også presentert. Gamle sager som dei ferraste har vore bort i, hadde dei med. Døme på desse var Tigersvansen, Spisstannsag og Høveltannsag.

Ein fekk kjøpa kaffi, kaker,saft og grilla pølser, med alt til kostpris. I den fantastiske Flatråker-naturen, å herlegt vårvær, skulle mange fleire vore med.

Eit fint tiltak av skogeigarlaget.