Opnar Tysnes sin første sjølvbetjente butikk
22/11/2019 19:16
Brith Brekke opnar Tysnes sin første sjølbetjente butikk der lokale hobbyprodusentar kan selje det dei lagar.
«Kjellaren» tilbyr eit utstillingsvindauge for lokale hobbyprodusentar på 13 kvadratmeter. «Kvar gong du kjøper eit handlaga produkt, er du med på å halde liv i ein draum» er ordtaket som gav idéen til «Nisjekroken».
– Det vert ein unik stad på fleire måtar, den første sjølvbetjente butikken på Tysnes, med kun handlaga produktar midt i Våge, seier Brith Brekke. Kines hudpleie og Blikk Design har allereie flytta inn, men fram til no har det ikkje meld seg leigetakarar til det siste lokalet.
– Me er på jakt etter ivrige hobbyprodusentar som vil visa fram det dei har produsert. Me set opp utstillingshyller i lokalet kor produsentane kan visa fram og selje produkta sine. Kundane kan kome inn i butikken og sjå produkta, og ønskjer dei å kjøpa noko, kan dei vippse pengar til produsenten, seier Brekke.
«Kjellaren» leiger ut hylleplass til produsentane. Her vil det truleg verte mange gode og unike produkt.
Har du noko fint å selje? Ta kontakt med Brith Brekke, tlf. 906 87 406
Tekst og foto: Marita Bakke