Publisert av: May Britt Meland
15/11/2019 19:42
Førjulsmesse
Denne helga ynskjer vertskapet på Laukhamar Fritid velkomen til den årlege Julemessa.
Både laurdag og søndag i tidsrommet 12-17 kan ein sikra seg lokalproduserte varer.
Sissel Karin fortel at det i år er stor variasjon, det vert sal av handarbeid, julevarer, julebakst og lammerull. I tillegg Tupperware, fotokalender, fotokopper, akvarellbilder m.m.
Det vert høve til å få seg både kaffi og kaker, og søndag vert det i tillegg sal av betasuppe.
Deltakarar med varer for salg er:
Kristbjørg H. Paulsen og Sissel Karin Clausen, Åshild Bjelland Kalleklev, Sigfried Olsen, Rebekka Høgestøl, Ninni Botnen.
Dersom det er nokon som vil delta med varer, på messa, ta kontakt på telf 99331168.