Har du sett katten Betzy?

Publisert av: Martha Nygård Lande
2/9/2019 21:34
Sist oppdatert: 2. september 2019

Eg skulle vere «avlastningsheim « for denne fine pusen, men ho ville ikkje vere saman med dei to firbeinte kanaljane eg hadde frå før, og no er me bekymra for ho.

Ho er tillitsfull og lagar ein litt karakteristisk lyd, som eit lite lam.

Ho har vore vekke frå Hovland sidan lørdag 24.august.

Kontakt Kjersti på tlf 98861701 dersom du har sett ho.