Ein konsertarena tek form
8/7/2019 21:28
Det er ein imponerande innsats som er gjort av dugnadsgjengane som riggar til Tysnesfest. Skuleplassen på Gjerstad var så godt som tom i morges, og no er det allereie kome opp gjerder rundt området, to store konsertscenar og mat-telt.
Tysnesingen.no fekk også ein sniktitt inn i det aller helligaste til artistane. Inne i hallen er det sett opp 6 store partytelt. I desse kan artistane få førebu seg i ro og fred før dei går på scena.
Dagleg leiar i Stiftinga Tysnesfest Øystein Våge er vel plassert på sitt nye “kontor” i Tysneshallen. Her har han full oversikt over det som skjer. Det er mange ballar i lufta i desse dagar, men framdrifta går etter planen.
Til og med værgudane er på lag med festivalarrangørane!
Dei fyrste båtane er på plass i båthamna.