Vil du gje di støtte til oss?

Publisert av:
24/2/2009 22:32

Tenk deg at du kan spele Lotto, Tipping og Joker – og samstundes gje noko til laget eller foreininga i ditt hjarte.. Dette er no mogleg frå 1. mars via Grasrotandelen. Ved å spele hos Norsk Tipping vil 5 % av innsatsen gå direkte til laget eller foreininga du ønskjer å støtte (gjeld ikkje Extra og Flax). Merk deg at Grasrotandelen ikkje på nokon måte går ut over innsatsen eller premien din – du blir ikkje trekt noko for å vere grasrotgjevar. Du treng Spelarkort frå Norsk Tipping for å bli grasrotgjevar. Spelarkort får du kjøpt hos kommisjonær, eller du kan bestille det på norsk-tipping.no.

Vi oppmodar deg til å bli med på ordninga allereie 1. mars, og dette kan du gjere ved å ved å velje ein av desse fire framgangsmåtane:

1. Hos Kommisjonær: Ta med deg Spelarkortet til ein Norsk Tipping-kommisjonær.

2. SMS: GRASROTANDELEN organisasjonsnummer til 2020 (tenesta er gratis).

3. Internett: grasrotandelen.no eller norsk-tipping.no

4. Norsk Tipping Mobilspel.

Meir informasjon finn du på www.grasrotandelen.no. Her vil du også kunne følgje med på kor mykje Njardar/Tysnes får inn via Grasrotandelen. Takk for at du støttar oss via Grasrotandelen!