Tøff motstand

Publisert av:
15/2/2009 17:26

Gutane til Tysnes gjekk på 7-18 tap for gjestane frå Kalandseid i Tysneshallen i dag.

Dei blåkledde gjekk raskt opp i femmåls leiing og heimelaget greidde aldri å hanka inn på leiinga. Rett nok fekk Tysnes inn fem mål i 1.omgong, men Kalandseid var eit godt lag med eit par svært gode spelarar.

I starten av 2.omgong opna Tysnes godt, men utover i kampen drog gjestane frå og vann til slutt 7-18.

Mål for Tysnes: Tobias Helland (1), Morris Skulstad (3), Daniell Hauge Hansen (3).