Ausekarane kjem til Tysnesfest

Publisert av: Dagfinn Sandvik
27/3/2019 15:58

I ei årrekkje har Ausekarane vitja Tysnesfest, og det med stor suksess. Til sumaren kjem dei tilbake atter ein gong. I likheit med tidligare vil dei halde til i Bermudateltet, der dei er vane med å spele for full sal. Ynskjer du gjenhøyr med låtar som “Måsa” og “Fin i bikini”, så må du sette av tid til fredag 12. juli kl. 17.00.

Karane sitt nye show «Ferjelaus og steik forbanna», får utruleg god kritikk, og her er kva nokre aviser skriv:

BA: En herlig orgie av musikalsk komikk. Kultur og komikveld. Go’knall!!

BT: Ramsalt, gapskratt, følsomt, poetisk. Musikalsk virituost og støtt som fjell. Rikelig å more seg over!

 

Ausekarane har også laga ein song som hyllest til Tysnes. Den vart skreven av Tor Endresen under Tysnesfest for nokre år tilbake, kor dei då budde inne ved idylliske Skiparvika. Endresen albumdebuterte i 1986 med “Call me stranger”, og har sidan gitt ut mange flotte album og singlar. Mest kjent er nok “Radio Luxembourg” og “Ingen er så nydelig som du”. I tillegg har han deltatt i Melodi Grand Prix. No er musikken hans meir revybasert, og inneheld mykje bra humor.

Ausekarane består av Bjørn Jensen (sang/gjøgling/gitar), Tor Endresen (sang/gjøgling/gitar), Espen Vågstål (trommar), Tore Mæhle (bass/kor), Svein-Tore Hindenes (trekkspel/tangentar/kor) og Jan Arne Knutsen (gitar/mandolin/banjo).