Publisert av:
23/1/2009 18:32
Lysande laksetider
Trass internasjonale og nasjonale nedgongstider ser det ut til at lakseverksemda Rex Star Seafood får ein auke i omsetnaden for 2008. Det skriv Bladet Tysnes.
– Produksjonen av fisk vert ikkje mindre sjølv om det er økonomiske nedgongstider innimellom. Folk skal ha mat uansett, seier dagleg leiar Nils Stikholmen til avisa.
Han seier også at laks er relativt billeg mat og sunn mat, og at folk har ein tendens til å trekkja mot det som er “trygt og sikkert i nedgongstider”.