Bowling 1.divisjon

Publisert av:
16/1/2009 10:19

Rådhuset 1 spelte årets dårlegaste kamp medan Andersland Bygg 1 stod for rundens beste resultat med 936 i pinnefall. Her fekk Yngve Kjøndal 160, Jens Flornes heile 201 og Bjørn Inge Leite 180 som sine beste resultat. Dette resultatet gjer at Andersland Bygg 1 går heilt opp i ryggen på 2. laget.

Også Tysnes sjukeheim spelar ein god kamp med 184 i pinnefall til Magnhild Kleppe og 160 til Tone Instøy.

Det ser også ut som om Rex Star Seafood slit med å prestera godt i 1. divisjon. Dei hadde høgare pinnefall i 2. divisjon. Kanskje det er nervene?

Den siste kampen i denne runden går 15. januar.