Mandelen sitt juleprogram
19/12/2008 20:51
Jula nærmar seg og folk flest tar turen heim til Tysnes. Så då kan ikkje Mandelhuset skuffa folk med lite aktivitet, det er satt fullt program for jula.
Fyrstkommande laurdag kjem Årstein og speler muntre tonar for oss heile kvelden, (må beklage at Irsk aftan utgår pga avlysning frå bandet si sida).
Søndag er det som vanleg søndagsmiddag hos oss, med graut som tillegg på menyen. Du vil og finna ein utsendt frå oss i drøsegato i Våge med smaksprøvar frå kjøkkenet i anledning søndagsope i Våge.
Verdt og nemna litt ekstra er at det blir 80 talls party den 29 desember. Som dei fleste hugsar var det ein heilt fantastisk morosam aftan i fjor! I år har me ein liten vri, det blir ”vorespeil” der me visar MammaMia filmen i karaoke versjon på storskjerm kl 21:30! Kle dåke ut med dei gamle fine kleda og Kom og syng med! (happy hour fram til 23:00)
I tradisjonen tru, så blir det arrangert julajam på Mandelhuset 30 desember. Har du lyst til å spela ein song eller to for publikum for fyste gong, eller er vel etablert i musikkmiljøet på Tysnes så har du her ein kjempemulighet til å spela i lag med nye og gamle musikkvenner!
Ta kontakt med Tor Vidar Tveit på tvtveit@hotmail.com for påmelding.
Opningstidene i jula er som følgjer:
Mandag 22 ope frå kl 20:00
Tirsdag 23 ope frå kl 20:00
Fredag 26 des til og med 30 des ope frå kl 20:00
Resten av julaprogrammet er som følgjer:
20 desember Trubaduren Årstein kjem og speler for oss! kl 21:30
22 desember Live musikk kl 21:30
3 Juledag R-jack! Rock på høgt plan! kl 21:30
28 desember RomjulsQuiz! Quiz startar kl 21:00! Happy hour til 23:00
29 desember 80 talls party, & Mammamia Vorespeil! Kom og syng med kl 21:30
30 desember RomjulsJam Kom og jam med kl 21:00 !