Publisert av:
26/11/2008 22:00
Spa på Spar
Fredag 28.november frå klokka 14:00 og utover flyttar deler av Galanten Kurbad til Triangelen Våge. Der vil du kunna møta Mailinn Sandvik Helland.
– Me vil ha utstilling og sal av gode hudpleieprodukt frå Babor, fortel Helland til Tysnesingen. – Dette kan vera den perfekte julegåva, eller med tanke på eige velvære og behandling for din eigen hud, seier ho.
Galanten Kurbad vil også selja gåvekort eller ta i mot timebestilling til ein flott spa-oppleving!
Same dag, klokka 17:00, vert dei same gode tilboda å finna hos Amlies Mat på Lunde Senter.