Publisert av: Hilde Marie Sæverud-Mehammer
23/3/2018 10:21
Hund i fjellet
Det nærmar seg no 1. april, og det er då viktig å minna alle hundeeigarar på at det etter forskrift om utvida bandtvang, er bandtvang frå 1. april til 30. september.
Landbruk og teknisk etat samt ettersøksgruppene i kommunen melder om at ein del hjort er svakare/sløvare enn normalt i år då det har vore mindre mat.
For å ivareta tryggleiken til hund og hjort ber ein hundeigarar om å vera merksame på dette og opptre med god aktsemd.