Publisert av: Johnny Helgesen
18/12/2017 13:22
Solheimsdalen kraftverk
NVE gjev Solheimsdalen Kraft AS løyve til bygging.
Kraftverket vil produsere om lag 7,9 GWh i eit middels år. Dette svarar til strambruken til om lag 400 husstandar.
Solheimsdalen kraftverk vil nytte eit fall på 154 meter i Brekkeelva (Singelstadelva) mellom inntak 283 m.o.h., nedanfor Gjermevatnet, og kraftstasjon 130 m.o.h., rett ovanfor utløp i Singelstadvatnet. Vassvegen vil bli nedgraven på heile strekninga.
Les meir på NVE.