Glimt frå Onarheimsgildet 2017
1/8/2017 12:23
Det starta fredag 28. juli med laksafest på Alsaker Brygge der det på nytt vart rekordframmøte med kring 750 utleverte lakseporsjonar. Det var stappfullt av gjester på bryggja – både inne i teltet og utanfor.
Laurdag kl. 11.00 starta eit følgje på Gjerstad for å gå til kyrkje på gamlemåten – dvs. over fjellet via Tysnes Skulemuseum i Solheimsdalen til Onarheim der dei vart mottekne ved Seløystova med utlevering av diplomar. Og i kjellarstova si tok Målfrid Merchant Sunde i mot gjester til den museale utstillinga si der.
Så til Onarheim kyrkje der historikar Torbjørn Mikal Hovland heldt eit engasjerande kåseri om reformasjonstida.
Søndag formiddag arrangerte Onarheim idrettslag “Blåbærhaugen opp” – også der med stor deltaking.
Gildet vart avslutta med høgmesse i Onarheim kyrkje. Som tidlegare år vart presten rodd til kyrkje med prosesjon frå bryggja til kyrkja. Ved årane på prestaskyssen sat Genth Pollestad og Johannes Landmark som sytte for at presten kom trygt fram i regnvêret.
Olav Skjellevik



