Solide løyperekordar
13/7/2017 09:30
Til tross for varierande vér, vart det ny rekorddeltaking i alle tre klassar under årets RamnanutenOpp. Til saman i mosjons- og konkurranse-klassa var det 156 som tok turen RamnanutenOpp i år mot 105 i 2016.
Med 75 deltakarar i Barneløpet, 86 stk i Mosjonsklassen og 70 stk i Konkurranseklassen vart det ein solid auke frå tidlegare år!
På bildet ser ein vinnarane i dame- og herreklassen:
1. plass damer: Pernilla Epland (t.h)
2. plass damer: Marita Nygård (midten)
3. plass damer: Hanna Hagevik Bakke (ikkje på bildet)
1. plass herrer: Jørgen Jørgen Møklebust Austvik (t.v)
2. plass herrer: Johan Løve Gjersvik (nr 2 f.v)
3. plass herrer: Geir Storetvedt Skaten (nr 4 f.v)
Sjølv på bløtt føre vart det løyperekord for både damer og herrer.
I dameklassen vann Pernilla Epland for tredje år på rad med den sterke tida 17,38, mot 18,14 i fjor.
Jørgen Austvik vann herreklassen med den imponerande tida 15,38. Geir Storetvedt Skaten (3. plass) hadde løyperekord frå i fjor med tida 16,13.
På toppen var det ein stor heiagjeng som laga god stemning, og me fekk ein flott start på årets Tysnesfest, seier Marthe Gaugstad ved SvingenPuls.
Foto: Aurora Skaugvoll