Krafttak mot kreft
16/3/2017 08:03
Kreft råker mange familiar kvar einaste dag og arbeidet Kreftforeninga gjer er utruleg viktig.
Søndag 19. mars vil blir den dagen me vonar å nå ut til flest mogelege Tysnesingar med bøssene og me vonar at de tek godt i mot dei.
Me vil og utfordra alle bedriftene i kommunen med å støtte saka med eit krone beløp for kvar som går til Blåbærhaugen heile veke 11. Mange bedrifter i kommunen er små, så det å gje kr. 1,- eller 10,- (eller meir) pr. person som går er flott. Det er det å få fokus på saka og engasjere folk som er viktig.
Aksjonen er no godt igong og utruleg mange har allereide teke turen til Blåbærhaugen! Kjekt at skulane støttar aksjonen. Kjempeflott. Ei viktig sak!
Alsaker Fjordbruk har tidlegare annonsert at dei støttar aksjonen med kr. 100,- for alle som går- I dag fekk me gladmelding om at velferdsklubben ved Tysnes Kraftlag/Tysnes Breiband/ Sun Elsikkerhet går saman og gjer kr. 2.600,-. Tysnes Kraftlag gjer kr. 100,- pr tilsett som går turen.
SN Marine Consult støttar med kr. 10,- pr person av alle som går.
Alt som blir Vippsa til 451042 blir registrert på Tysnes.
Kanskje klarar me å få til eit lite «mini» loppemarknad v/Bok & Fritid laurdag 18. mars, dette kjem me tilbake til.
Vil du være med å bidra med noko, enten som bøssebærar, loppemarknad eller er ei bedrift som vil støtte «gå aksjonen» kan du ta kontakt med:
Rannveig L. Helland – tlf. 91307279, e-post: bokogfritid@hotmail.com
el. Astrid Nygård – tlf. 40 28 79 28, e-post: astrid.nygaard@haugnett.no.