Publisert av:
15/12/2016 07:08
Stolt husfar
Det var ein stolt husfar på Haaheim Gaard som 8. desember under boklanseringa i Oslo, fekk den nye praktboka “55 eksotiske hotel i Norge.” Boka er skriven av Edda Espeland og gitt ut av Praktbokforlaget.
Edda Espelund har i boka valgt ut kvart einaste hotel anten fordi dei har ei unik historie, ei vakker beliggenheit, eit kreativt konsept eller fordi dei byr på god mat og drikke eller andre gleder som ein synast er ei reise verdt.
Haaheim Gaard med over 1000 roser i hagen, eigen gartnar, restaurant og snart eige bakeri, båt og haugevis med nye planar for staden, er eitt av dei 55 utvalgte hotella som har fått rosande omtale i boka.