Vamp på magiske Solstråleøya!

Publisert av:
16/11/2016 12:49

Haugesundbandet Vamp har i mange år vore eit av Noregs beste liveband. No er dei endeleg klare igjen for Tysnesfest! Denne gongen har me invitert dei til magiske og historiske Solstråleøya som vil danna ei perfekt ramme rundt konserten. 

 

Me har i mange år prøvd å få Vamp til å koma til Tysnes igjen, men det har dei siste åra ikkje passa med feriar og turneplanar. No har det endeleg blitt full klaff, og når me i tillegg klarte å landa avtalen om at dei skal spela på Solstråleøya, har alle åra med venting vore verdt det. Vamp har i alle år vore eit populært band i vår region, og me er spesielt stolte over at bassisten i bandet heiter Kjetil Dalland og er vaskekte Tysnesing.

 

Det er leigd inn hurtigbåt som skal gå fire turar ut og fire turar tilbake frå Solstråleøya. Reisa med denne er inkludert i billetten. Me har og lagt opp til sal av mat og drikkeservering. For å hindra forsøpling av øya, har me bestilt inn 700 hardplastglas med logo, og me oppmodar alle om å ta dette med seg heim som eit minne.

 

Vamp er denne hausten ute på ein 30 konsertar lang turne i vårt langstrakte land. Med seg på turneen har dei det nye albumet «Populas», som blei sleppt i slutten av september.

 

Vamp har eksistert i 25 år. Dei har gitt ut 13 album og er belønna med ei rekkje prisar, mellom anna fem Spellemannsprisar, Prøysenprisen, Gamlengprisen og Rogaland fylkes bragdpris. Dei har til saman selt godt over ein million plater og den  mest kjente låten «Tir n’a Noir» er spelt over sju millioner gonger på Spotify.

 

På Tysnesfest gler me oss til gjensyn med slagerar som «Tir n’a Noir», «Månemannen» og «Liten fuggel». Vamp vitja Tysnesfest sist i 2013.

 

Billettar kjem i sal fredag 18.november klokka 09.00!