Flotte dagar på seglskutetur
12/10/2016 06:20
10. klasse ved Tysnes skule har mønstra på seglskuta Storebælt i haustferien, og belønninga etter lang tid med dugnadsarbeid gjev endelig uttelling.
Elevane mønstra på i Harlingen søndag ettermiddag, og mandag gjekk turen til Vlieland, deretter til Terschelling tirsdag.

Så langt har dei m.a. fått oppleva sjarmerande småbyar prega av seglskutetraffikk, bilfrie, brusteinslagte gater, små koselige murhus og syklistar overalt.

Det har m.a. vorte tid til shopping, spel, sykkeltur og rikelig med godteri og energidrikk.
Mandagen vart ein mjuk start i seglkunsten i nydeleg vér på flat sjø. Elevane har heist og firt segl, kveila tau og stått til rors. I tillegg står dei sjølv for matlaging og oppvask.

Tirsdag vart det litt meir vind i segla og elevane fekk prøvd seg på kryssing.


Me sender ei helsing til alle som har sponsa turen, gitt dei dugnadsjobbar og handla det dei har hatt å selgja. Elevane seglar vidare enno nokre dagar og mønstrar av i Enkhuizen på fredag.
Tekst og foto: Ingrid Storetvedt