Ta kjøkkenpraten for betre branntryggleik
29/9/2016 16:31
Laurdag 1. oktober er FNs eldredag. Det er eit fint høve til å snakke med dei eldre slektningane dine om branntryggleik.
– Vi oppmodar alle som har eldre slektningar til å ta ein prat om kva brannfarar som finst i heimen, og kva ein kan gjere for å betre branntryggleiken. Det er det vi kallar “Kjøkkenpraten”, seier direktør Cecilie Daae i DSB.
Talet på eldre som bur i eigen bustad vil truleg auke vesentleg i åra som kjem. Mange av desse er ikkje fullt ut i stand til å ta vare på eigen branntryggleik.
– Ein liten “kjøkkenprat” om branntryggleik kan bidra til å redde liv. Med nokre enkle grep kan du redusere brannfaren hjå eldre du bryr deg om ved til dømes å skifte røykvarslarbatteri eller vurdere behovet for komfyrvakt. På sikkerhverdag.no finst det ei sjekkliste over tema som kan takast opp i denne samtalen, seier Daae.
Nedsett funksjonsevne kan påverke branntryggleiken til eldre, både når det gjeld å oppdage brann, sløkkje og evakuere. I følgje statistikk frå DSB oppdagar eldre over 70 år brann i eigen bustad seinare enn resten av befolkninga.
– Eldre er meir avhengige av gode hjelpemiddel som varslar brann i tide. Tidleg varsling aukar sjansen for å redde seg ut. Sjå til at bustaden har røykvarslarar som fungerer, og test at varslinga kan høyrast i alle rom. Som pårørande kan du sjekke med Hjelpemiddelsentralen om dei eldre slektningane dine har krav på til dømes komfyrvakt eller røykvarslar med lys og vibrering, seier Torfinn Kongsvik brannsjef.
Eldre og andre med funksjonsnedsetjingar har ekstra utfordringar i nødssituasjonar.
– Med fleire rømmingsvegar er sjansen større for å redde seg ut i live. Hovudkravet er at alle bustader skal ha minst éin rømmingsveg som fører direkte til det fri. Sjå til at det ikkje er noko som sperrar for utgangen. Det er også lurt å øve på å kome deg raskt ut av bustaden,seier brannsjefen.
Alle bustader skal ha sløkkjeutstyr i form av husbrannslange eller brannsløkkjeapparat. Sjå til at bustaden har sløkkjeutstyr som bebuaren greier å bruke. Om du har redusert rørsle, bør du ikkje prøve å sløkkje, men kome deg ut så fort du kan.
– Bruk FNs eldredag 1. oktober til å betre branntryggleiken heime hjå nokon du bryr deg om. Medvit rundt brannfarar og gode vanar førebyggjer mange brannar, seier brannsjefen.