Aktivitet gjer godt i både kropp og sjel.

Publisert av: May Britt Meland
19/1/2023 13:31

Det er viktig å ha det gøy og kjekt i lag når me trener! Fysisk aktivitet er godt for kropp og “sjel “. -Det seier Marit Nancy Allard Gjøvåg som er ein av dei ivrige aktive på Reksteren.

Reksteren Idrettslag sin “Gladtrim” er eit tilbod på formiddagen med felles oppvarming,  styrketrening og uttøyning med musikk og godt humør. Me er ei lita gruppe, nokre kjem og går, men den eldste som kjem fast fylte 80 år i haust !

Gøy med Ball” er eit tilbod på kveldstid med ball, (badminton, volleyball, basketball mm)
der det er lagt størst vekt på å ha det Gøy med Ball, ikkje  å vere best !

Fysioterapeuten Nancie har og eit godt treningstilbod  med musikk på kveldstid.

– Rundt oss har me mykje flott natur og mange gode stiar som lokkar oss ut, seier Gjøvåg.

No gleder me oss til “Korgafest”  på laurdags kveld med quiz og dans til “live” musikk i gymsalen.