Publisert av:
14/8/2016 19:15
Mytologifestivalen 2016
Mytologifestivalen på Hatlestrand vart i år arrangert på femte året, som vanleg med innslag frå Tysnes.
Fredag heldt Knut Rage foredrag om Vinlandsreisene og om runesteinen som dukka opp i Minnesota i 1898, som er uløyseleg knytta til Pål Knutsson frå Onarheim. Han vart sendt på ein ekspedisjon til Grønland i 1356 og var kanskje ein av dei aller første kvite menn som utforska det indre av dagens Amerika.
Laurdag var det vanleg marknadsdag med middelaldermusikk, og festivalen vart runda av sundag hos båtbyggar Egil Meland på Skorpo, med fokus på gamle handverksteknikkar og tradisjonar knytta til båtbygging tilbake til vikingtid. Olav Skjellevik fortalde også om noko av det verktøyet som vart brukt til båtbygging i gamle dagar.
På Mytologifestivalen fredag snakka Knut Rage i to og ein halv time om norrøn utforsking av Nord-Amerika for eit interessert publikum. Her med festivalsjef Knut Johan og Triana. For høvet har dei trekt i 1300-tals klede.

Besøk hos båtbyggar Egil Meland på Skorpo. F.v. Odd Geir, båtbyggar Egil Meland, Triana og Knut Johan.


Lang dag på Mytologifestivalen laurdag – ein utruleg kul festival!
Odd Geir Sagerøy Bidne, Triana, Britt og festivalsjef Knut Johan (med hjelm utlånt frå Anno-Enok),

Odd Geir Sagerøy Bidne, Triana, Britt og festivalsjef Knut Johan (med hjelm utlånt frå Anno-Enok),


“Leiv Eiriksson” møter ein “skræling” og ein “råtagjeng” med kollhuer rundt bålet, f.v. Bjørn Dahl, Odd Geir og Knut Rage.

Tekst og foto: Knut Rage